torsdag 9. oktober 2008

På ein mannsdominert arbeidsplass...

... er eg den einaste som har startkablar i bilen. (Det må vel seiast her at det er ein til som har startkablar, men han var ikkje på jobb i dag.)

Var ikkje før komt på jobb i dag tidleg, før eg fekk beskjed om at Irene ikkje kom seg på jobb på grunn av flatt batteri i bilen. Hadde eg startkablar?

Klart eg har det. Har ikkje hatt bruk for dei før, men ein veit jo aldri. Så eg køyrde av stad.

Etter litt prøving fekk vi kobla til kablane, (eg huska noko frå elektrofag om at den svarte (minus) skal koblast først) og fekk start på bilen. 

:) 

(Link til samme historia, litt annen versjon.)

2 kommentarer:

Gladie sa...

Ja e'kje du en engel! Tusen takk for hjelpa! Mannfolka kan'kje brukast te nåke :) :)

Anonym sa...

Startkablar er praktiske, og vi damer er jo ingenting om ikkje praktisk anlagt! Er ikkje uten grunn at vi er kjende for å drage rundt på vesker fulle av alt som ein kanskje kan få bruk for. Eg sjølv har for eksempel spiker i veska. Og sokkar. Og i og med at veska mi dei siste åra har vore supplert med barnevogn er det ikkje måte på kor mange praktiske ting eg får med meg! Tenk hvis eg kunne hatt bilen for meg sjølv, uten ein mann som driv og ryddar i tide og utide, då kunne eg hatt med meg masse praktisk, då!

Ja, vi har startkablar. Vi fekk til jul i fjor :-P