søndag 30. mai 2010

Fleire bilder frå turen: Utforsking med kollektivtransport.

Første del av bildene frå lørdag.
Denne dagen vart brukt til meir utforsking av byen sammen med Gladie. Denne gangen testa vi ut kollektivtransporten, som absolutt var bra. Vi kjøpte kvar sitt to-dagers "Budapest card," med dei kunne vi reise med all kollektivtransport i byen uten å tenke på å måtte kjøpe biletter kvar gang.

Først bestemte vi oss for å sjå Helteplassen.

Etter ein liten detour, fann vi ein metrostasjon som var like ved målet. Bare ein 8-felts vei å krysse for å komme oss dit.

Etter å ha spasert rundt på Heltplassen og tatt bilder av alle statuane, reiste vi til Margit-øya. Dette krevde bruk av trikk, ikkje bare metro.


Normalt ville trikken stoppa midt på brua på sørenden av øya, men der var det veiarbeid. Så vi gikk av rett før brua og spaserte resten av veien.

I staden for å gå rundt heile øya leigde vi ein artig tandemsykkel, under teorien at det ville vere raskare og enklare enn å gå. Teorien holdt bare i nedoverbakke, men kjekt var det.

Sykkelen var utstyr med kart over Margit-øya, utfordringa var bare å finne ut kvar vi var i forhold til kartet.

Etter ein slik trimtur, fortente vi litt kake. :)

fredag 28. mai 2010

Nokre av bildene frå Budapestturen: Klatretur og gatelangs.

Eg tok bare 147 bilder på turen, ujamnt spredd utover fredag og lørdag.

Bilder frå fredag:
Første delen av denne dagen vart brukt til å utforske deler av byen til fots, sammen med Gladie.

Vi gjekk først over denne brua.

Den var veldig flott.


Med rekkverk som var spennande å ta bilde igjennom. ;)


På Buda sida av elva fann vi ei trapp...

.. og ein sti.
Og ein god del insekt som var for små til å komme med på bildet.



Vi klatra opp og ned igjen, etterpå gjekk vi langs bilveien.

Og eit innegjerde område med flott gjerde å ta bilde igjennom.

Så gjekk vi tilbake til Pest sida av elva, over denne brua.

Frå brua kunne vi sjå ein liten foss, ikkje eit like vanlig syn i Ungarn som heime. ;)


Dette var den delen av dagen eg har bilder frå. Det skjedde jo også fleire ting i løpet av dagen, som at vi (alle 12 som var med på turen) var på Szechenyibadet der vi koste oss i varme basseng.

onsdag 19. mai 2010

Planen er å oppholde seg i dette området dei neste dagane.


Så får vi sjå korleis det går.