tysdag 30. september 2008

Treige meg har endeleg lagt inn det bildet.

Det vil sei, bilder av kortet som eg lagde til søstra mi for lenge sia. Ho har vore raskare enn meg å legge ut bilde her.
Men altså, utsida av kortet:
Og så eit bilde av tigeren inni kortet:
Bildet av tigeren er frå ein CD frå Dover Publications, printa på akvarellpapir og malt med distressink.
Den er limt med limputer for å komme litt opp frå underlaget.

måndag 15. september 2008

Plan som ikkje virka

I dag skulle eg eigentleg legge ut bilde av kortet som eg lagde til søstra mi torsdagskveld. Men så klarte eg å legge igjen kamera (inkl. minnekortet med bildene på) i Bremanger.

Så det bildet må vente litt til.  :-(

tysdag 9. september 2008

Digital LO


Eg har lenge hatt planer om å lage ein digital LO med fraktaler, og eg hadde tenkt at den første digitale LO-en min måtte handle om noko utroleg interessant...
Men eg kom ikkje på noko, så eg brukte nokre bilder av middagen min. Den var interessann for meg der og då.


Redigert i GIMP
Fraktalane er laga med Xaos
Font: Staccato222 BT (fulgte med GIMP)


LO om oppvasken får eg heller lage seinare... ;)

onsdag 3. september 2008

Oppbevaring

Scrappe-/maleboksen min:

Ein konvertert isboks med plass til Distress ink, penslar, kalligrafipenn og -blekk, litt bling, mønsterteip, blekkpute, lim og bobleplast.
Før eller seinare må eg sikkert ta ut noke av dette for å få plass til meir. Då er det ganske greitt med desse to fine boksane:

Dette er det man kaller vintage yogurtbeger (til venstre) og vintage rømmebeger (til høgre.)
Med god plass til alle flaskene med Distress ink eg har.

Foreldra mine er geniale, som tar vare på sånne fine oppbevaringsboksar.

tysdag 2. september 2008

Ein Høstfarga LO

Siden dette er første innlegget i bloggen min, som sannsynlegvis kjem til å handle ein del om scrapping, får eg starte med eit bilde av den første LO-en min.

Denne vart til i løpet av ei "kreaktiv" helg i Florø, Irene fekk besøk av Jannhild og Gro, og meg. Det var scrapping, scravling og latterkrampe heile helga.

Veldig kjekt!