torsdag 9. oktober 2008

På ein mannsdominert arbeidsplass...

... er eg den einaste som har startkablar i bilen. (Det må vel seiast her at det er ein til som har startkablar, men han var ikkje på jobb i dag.)

Var ikkje før komt på jobb i dag tidleg, før eg fekk beskjed om at Irene ikkje kom seg på jobb på grunn av flatt batteri i bilen. Hadde eg startkablar?

Klart eg har det. Har ikkje hatt bruk for dei før, men ein veit jo aldri. Så eg køyrde av stad.

Etter litt prøving fekk vi kobla til kablane, (eg huska noko frå elektrofag om at den svarte (minus) skal koblast først) og fekk start på bilen. 

:) 

(Link til samme historia, litt annen versjon.)