onsdag 28. oktober 2009

Bildemanipulering

Av og til blir bilder nesten uigjenkjennelige etter at eg har leika litt med dei på datamaskina.


Kva i all verden er dette bilde av? Nokre forslag?

Fasiten kjem seinare.

måndag 26. oktober 2009

Sol

Fotografert tidligare i dag. Publisert på nettet slik at når vi får den neste 5 vekers regnbyga, så kan vi huske vi kan korleis det ser ut med sollys.

onsdag 21. oktober 2009

Språkutfordring

Eg rekner med at her står den samme beskjeden på fleire forskjellige språk.

Spørsmålet er om nokon kan fortelle meg kva for nokre språk som er representerte. Eg kjenner bare igjen nokre få.

måndag 19. oktober 2009

Fleire haustfargar - og litt om å ha med kamera i bil

Når ein først har kameraet med i bilen må ein ta bilder med det. I dette innlegget konsentrerer eg meg om haustfargar. Dei andre bildene får vente til ein annan gong.

Mamma er veldig flink til å ta bilder ut bilvindu i fart. Men når eg er aleine i bilen må eg konsentrere meg om å køyre store deler av tida, og blir derfor nødt til å stoppe bilen for å ta bilder.

Det er ikkje alltid det er like fristande å gå ut av bilen. 

Det er vått ute

Kanskje dei eigentlege haustfargane er dei vi ofte ser mest av: Fargen av skyene?

tysdag 13. oktober 2009

Det er vinter

I alle fall litt oppe i høgda.

Lenger nede er det fortsatt haust: 


Alle bildene er tatt med mobilkamera (noko som forklarer den elendige kvaliteten) på vei over fastlandssambandet til Bremanger.

Det er forresten begynt å bli vinter her også. I dag tidleg var frontruta på bilen full av rim, men eg var altfor opptatt med å skrape den vekk til å ta bilde av den.  ;-)


måndag 5. oktober 2009

Eg er no den stolte eigar av ei leilighet :-)

Det var i grunnen bare det eg ville sei.


Og totalt ignorere det faktum at eg ikkje har oppdatert bloggen på nesten eit år. :-P