torsdag 19. november 2009

I kategorien reglar som er umulige å følge:


Altså: Dersom det er 60 cm eller mindre plass på eine sida av bilen, får ein ikkje lov å sitte i bilen.

Eller: Det er ikkje lov å sitte i bilen dersom det er umulig å komme seg ut av den... Eg lurer på om det er lov å ligge i bilen?

måndag 16. november 2009

fredag 13. november 2009

fasit nr 2

Her er originalbildet. Som alle skjønte (trass i at eg snudde bildet opp-ned for å øke vanskegraden) var dette altså eit bilde tatt igjennom frontruta på ein bil. Det kunne vore eit meir vellykka bilde om det ikkje var for blitsen.  

tysdag 10. november 2009

Meir bildemanipulering


Denne gongen er det eit i utgangspunktet mislykka bilde, som etter litt "leiking" på dataen ser endå meir mislykka og særdeles merkelig ut.

Nokon som har spennande teorier om kva det eigentleg er bilde av?

Originalen postast seinare denne veka.

tysdag 3. november 2009

Nøkkelknippe

Nå med enda flere nøkkler!

Ja eg fekk nøkklane til leiligheta på fredag.

måndag 2. november 2009

Fasiten

Det var ein del bra gjetting her, og dei fleste var nokonlunde riktige.

Originalbildet er av ein fjellvegg og nokre graner sørøst for Magnhildskarstunnellen. Eg tok bildet fordi eg likte mønsteret som det gule graset lager på fjellveggen, og tenkte at eg kunne forsterke det med litt bildemanipulering på dataen. Dei blå felta var ein overraskelse.


eg er sur

Greitt nok er periodiske feil vanskelige å fikse, fordi at når ein skal feilsøke er det plutselig ikkje feil lenger. Men det betyr bare at systemet er ustabilt, ikkje at eg innbiller meg ting!!!

Unnskyld til alle dei som ikkje skjønner kva eg snakker om. Eg ville bare få den saka ut av (eller i) verden. Eg er fullt klar over at personen eg er sur på aldri kjem til å lese dette.

No når det er overstått kan eg legge ut originalen til det manipulerte bildet.